torsdag 1. desember 2011

Stovemagi




Eit stort, ope stoverom med full takhøgd og store vindusflater ut mot elva og naturen rundt har heilt frå starten av vore noko av det vi ville få til i det nye huset. Heilt fram til i dag har vi ikkje visst heilt korleis det ville ta seg ut i praksis, fordi rommet har vore okkupert i full høgde og breidde av eit digert stillas..

I dag var omsider alt arbeid i høgda unnagjort, og stillaset kunne plukkast ned. Tilfeldigvis vart rekkverket på gesimsen i andre etasje ut mot stoverommet også montert opp i dag, slik at vi over natta gjekk frå eit "anleggsområde" til eit 90% ferdig stove-rom med 5 meter takhøgde.


Resultatet vart fantastisk. Akkurat slik vi hadde drøymt ut. Vi fekk rett og slett sug i magen av å kome inn der. Ikkje minst var det nye glasrekkverket på gesimsen flott. Her er det gravert inn ei stilisert kartskisse av Eidselva, som er elva som renn rett forbi huset vårt (huset vårt er markert med ein raud prikk på kartskissa..)

Rett og slett eit lite stykke stovemagi første dagen idesember!

mandag 28. november 2011

Litt ferdig




No er det like før stilaset skal vekk i stova, så i dag kom faktisk den fyrste lampen på plass.

Heilt korleis det vert ser vi ikkje før det kjem lyspære i, men fyrsteinntrykket er bra.




På vaskerommet ser det litt meir uferdig ut, men utgangsdøra kom på plass i dag. Hovudinngangen må nok vente litt til, men det ser lovande ut.




Her blir det kjøken, og i morgon kjem ein lastebil frå IKEA. Vi skal skru kjøken sjølv, men ikkje heilt endå.

torsdag 10. november 2011

Månelyst



















Det var meininga eg skulle til Bjørlo og ta bilete av den fine månen i kveld, mn då eg kom opp hadde skyene lagt seg framfor. I staden prøvde eg å fotografere innsida av det nye huset i mørket. Ein har då blits... Dette er gangen frå entreen mot kjøken og stoverommet. Do og bod til høgre. Veggen er grunna, og skal ha same farge etterpå òg.

 Sett frå kjøkenet tidlegare i dag. TV-stove til høgre.

Her er frå Iver sitt rom. I holet kjem eit glas sånn at han kan kike ned i stova. Det gjer det litt vansklegare å møblere dette rommet, men blir kjekt.
Her kjem trappa opp i 2. etasje.













Utkiksstova har fått kvite veggar, så no er det mykje lettare å sjå for seg korleis rommet blir. Den veggen med vindauge får panel.

...og her ligg ferdig kappa panel og tørkar.
Desse bileta er sikkert ikkje så interessante for andre enn oss, men vi vil gjerne ha dokumentert prosessen undervegs. Dei neste vekene kjem det til å skje mange synlege endringar, så då vert det nok litt fleire oppdateringar. Dessverre er det ikkje så lett å få tatt bilete i dagslys, men dei gir eit inntrykk.



søndag 6. november 2011

2,5 tonn flatpakker


I det store husprosjektet er det ikkje så mykje vi skal bestille og montere sjøl, men for oss er det meir enn nok. Heile kjøkenet, baderomsmøblar, 6-7 meter garderobeskåp, ein sofa, nokre lamper ++

IKEA reknar ikkje berre saman prisen på varene, men også vekt. I morgon går bestillinga på ikkje mindre enn 2,5 tonn IKEA-varer. Det skal investerast i elektrisk skrujern, for det vert nokre timar med skruing på oss.

Benkeplata vert ikkje frå IKEA. Den har på virrvarr-mønsteret frå 1958 og vert levert av Drømmekjøkenet, så vi miksar og triksar slik at dette vert slik vi vil ha det til ein grei pris. Den vert også bestilt denne veka.

mandag 24. oktober 2011

Velkomen inn


Det er ikkje akkurat denne døra vi skal ha, men døra er visst noko av det siste som kjem på plass. Vår dør er bestilt, og glasa som skal vere rundt ligg og ventar til resten av huset er meir ferdig.


Opp her kjem trappa. Desse vindauga er kanskje noko av det som kjenneteiknar huset mest. Dei er ein viktig del av fasaden, og i tillegg gjer det sjølvsagt mykje lys i heile 2. etasje.


Følgjer du vindaugspassasjen kring trappa kjem du inn i det som vert utkiksstova vår. Ein salong, musikkanlegg og litt ro i sjela? Ja, eg ønskjer meg stjernekikert òg.

Til høgre ligg soverommet vårt og badet.


Og her er utsikten...

Det skal bli kjekt å sjå ut utan stilas.


Her er viktige saker. Frå venstre: Innvendig takrenne, straum/ data, sentralstøvsugar, meir data/straum, ventilasjon og endå meir straum. Håper vi slepp å sjå desse tinga att, berre nytte oss av funksjonaliteten.


I 1. etasje får vi ikkje heilt kjenne på romkjensla sidan det står eit digert stilas midt i stova. Sidan det er dobbel takhøgde må det nok stå ei stund til.


Dersom vi snur kameraet kan vi sjå det som skal bli kjøken i staden. Glaset til venstre kunne de sjå frå utsida i førre bloggpost. Frå det kan vi sjå omtrent rett i elva.



Og her blir det berre gang og no kan vi sjå linjene og lyset i huset. Tv-stove til høgre, bod og do til venstre,  og vaskerom rett fram.  

Snart påkledd




Vi har nesten vent oss til at huset står der svart og utan kledning, men no er det på tide at det kler på seg for vinteren. I dag har det vore strålande sol og fint haustveir, så tømrarane har nok kosa seg ute på stilaset.


Baksida mot elva er nesten klar. Den lyse fargen er uvant akkurat no, men skal bli grå med tida. Boksen kring dei store glasa, og boksane på di andre sidene, får ikkje grankledning, men svarte, blanke steniplater. 


Kledninga er av radialskåren gran, sett opp med god lufting, og skal ikkje behandlast noko meir. Det vert spennande å sjå kor lang tid det tek før det grånar. Vi håper det vert omtrent som desse hyttene. Borda er høvla og vert lysare grå enn t.d. sibirsk lerk.


Dette er kjøkenglaset mot elva. Enkelt og greit, med minst mogeleg lister. Vindauga kjem frå Nordvestvinduet

onsdag 5. oktober 2011

Straum




For straum må vi ha.

Då eg kom opp i 2. etasje i dag var omtrent alle rør og leidningar på plass. Kjekt å sjå at det vert slik vi har tenkt.

- blogga på farten.

onsdag 28. september 2011

Lekter og isolasjon

IMG_0092.JPG

Då eg kom inn i huset i dag, var romma i 2. etasje delt inn, og det var mogeleg førestille seg veggane utanpå skjelettet. Det er vel ikkje like interessant for andre å sjå stendrar og isolasjon, men for oss er det store steg framover. Det er to år sidan arkitekten starta på dei fyrste skissene, og no er det ikkje lenge att før vi kan bu der.

  IMG_0091.JPG

Dette skal det bli vaksensoverom, og dette var det fyrste rommet som var ferdig plasta og lekta ut. Det er nemleg fagprøva til læringen på bygget. Han sto, så her reknar vi med å sove godt etter kvart.

 IMG_0093.JPG

Badet ligg vegg i vegg med soverommet og under vindauget får vi badekar. Det har stått på ønskjelista lenge, men vi har aldri hatt stort nok bad før. Det er komande gjestar som allereie har tinga seg plass i badekaret, så dette gler vi oss til.

  IMG_0096.JPG

I 1. etasje er det ikkje like lett å finne romkjensla, men her vert det kjøken. Dei som ser godt etter til venstre ser at røret til sentralstøvsugaren er på plass. Over helga slepp elektrikar og rørleggar og slikt til så no er det meste planlagt...trur vi...

lørdag 27. august 2011

Pingvinar

IMG_0002.JPG


Pingvinar? Kva har det med husbygging å gjere? Sidan vi flytta saman i den fyrste vesle leilegheita i Bergen, då vi framleis berre var to og studerte biologi, har pingvinane vore med. Vi veit ikkje heilt kvifor, men kan det vere den fyrste pingvinen? Den trepingvinen Alfred kjøpte i Malaysia - av alle stader.

I den fyrste leilegheita trong vi ikkje kjøpe så mykje inventar, men den hadde store butikkvindauge på gateplan, så gardiner til soverommet måtte vi ha. Då Magni for på ekspedisjon for å finne våre fyrste gardiner hadde Alfred berre eitt krav: Det er akkurat det same korleis dei ser ut, berre det er pingvinar på!

Magni fann pingvingardiner, og etter det har vi hatt pinvinar alle stader vi har bodd. I dag har Iver pingvingardinene på sitt rom.

IMG_0013.JPG


Vi har ikkje blitt notoriske pingvinsamlarar, men ting med pingvinar har litt lettare for å bli med heim enn t.d. ting med sauer eller elefantar. Desse tre er frå Tyrkia.

Kva gjer vi med pingvinane i nyehuset? Kva rom får pingvingardiner?

IMG_0010.JPG

Den største utfordringa er kanskje pingvinludoen. Ei bryllupsgåve, som eigentleg bør stå framme og bli brukt, men som er litt stort og har knuslege brikker. Finn vi ein trygg plass til den?


Og skal huset få nye pingvinar? Åshild tipsa oss om denne fine tapeten. Det finnst pingvinlamper

Eller kanskje ein Penguin-stol, teikna av Peter Opsvik?

Enn så lenge har vi alle mogelegeheiter opne.

fredag 26. august 2011

Den høgaste naboen






Då huset skulle plasserast vart det tilpassa almen og elva. Nært, men ikkje for nært.

Når ein har 20 meter høge naboar må ein stelle pent med, så i dag har vi hatt Skogryddaren på besøk. Han har reinska opp i dei greinene som fekk skade då dei grov ned reinseanlegget, fjerna nokre greiner som hang for nært huset og lengst nede.





- blogga på farten.

torsdag 25. august 2011

Alle detaljane

Sjølv om vi har tenkt på mykje av huset og mykje er beskreve i samarbeid med arkitekt og entreprenør, er det mykje å halde orden på for at det skal bli sånn som vi ha tenkt. Det er ingen som har bygd akkurat vårt hus før, så vi veit ikkje heilt korleis det skal bli.

Noko er vi meir opptekne av enn andre ting, men resultatet er summen av alle detaljane. Både dei vi har tenkt på og alle dei vi ikkje hear tenkt på. Når alle dei valga skal gjerast og alle detaljane skal på plass er det viktig å holde tunga beint i munnen. Det skal jo henge saman.




I dag har vi funne ut at ein av standardfargane på platene som skal kle inngangspartiet heldigvis er tilnærma lik fargen på nabobygningen, den raude lada. Ein detalj mindre å tenke på, vi må berre passe på at inngangsdøra vert bestilt i same fargekode. Og kva farge skal den eigentleg ha på innsida? Dersom den er laderaud har det andre konsekvensar.

Det er godt med alt som er bestemt. Det som berre er 90% sikkert kan jo alltids gjerast om, og alle dei tinga som kan gjerast om skapa litt uro i hovudet for tida.


Bokhylla som illustrerer denne bloggposten er Bookworm av Ron Arad. Ei hylle som minner meg om studietida i Bergen fordi den hang i eit butikkvindauge eg ofte gjekk forbi. Om den får plass i nyehuset er vel ein av dei ti prosenta som absolutt ikkje er bestemt.

onsdag 17. august 2011

Heime åleine med IKEA-katalogen





Små gleder for husbyggarar: Åleine heime i ro og fred med splitters ny IKEA-katalog.

Må berre sjekke om dei planane vi har lagt gjeld med denne katalogen òg.

- blogga på farten.

onsdag 27. juli 2011

Med tak og alt



Lenge sidans siste oppdatering og veldig mykje som har skjedd. Graset har grodd kring heile huset. Vi har tette veggar, glas, tett tak og ikkje minst innvendige takrenner. Huset vert ikkje så ruvande i terrenget som ein skulle tru, og vi ser at plasseringa vert betre enn vi kunne drøyme om. Her skal det bli godt å bu.



Inngangspartiet er førebels litt luftig.


Det er mogeleg å sjå litt meir korleis huset skal vere inni. Her ser vi inn på kjøkenet. Kan du førestille deg at det skal likne på dette?  

Akkurat no brukar vi tankeverksemda på plasering av stikkontakter, spottar og andre ting som høyrer til det elektriske. Sidan det kjem an på mange andre detaljar vert mykje av grunnmøbleringa uttenkt i same slengen.   Kva passar av dei møblane vi har og vert det plass til dei slik vi har tenkt?


Siste sveis på taket før byggjefolka tok ferie. No står huset tomt nokre veker, men taket og huset er tett og fint. Det fekk til og med prøvd seg i 50-års-regnskyllet utan at vi fann vatn på innsida.


 Det fyrste måltidet i nyehuset: kaffi, lefse og saft i stova i 2. etasje 24. juli. 5 månader til julafta.

søndag 19. juni 2011

Lamper

Kva lamper vi skal ha vert diskutert mykje grundigare enn om det vert vegghengt do eller ikkje her i familien. Vi har nokre vi er svært glade i og har passa på å bygge plass til dei, men må likevel ha nokre til.  Det vert ei blanding av nokre få designlamper og resten IKEA. Sidan det er ein del spottar treng vi ikkje så mange som eg hadde trudd.

No trur vi at vi nærmar oss nokre konklusjonar. Og kjøp...feriepengar vert kanskje litt lamper? Akkurat no er dette nokre av favorittane.



Myh 

Inspirert av Lille My, så den passar hos oss.

Nest

Ikkje lysekrone, men nesten ein lysande måne, eller eit garnnøste, eller...

Det høge rommet treng ein stor lanpe og denne er 80 cm i diameter.

PH 80

Den siste har vi bodd saman med i ei leilegheit ein gong, men den var ikkje vår og måtte stå att då vi flytta. Sidan då har den mangla litt i heimen vår.

fredag 10. juni 2011

Sove her?


Iver (og mamma og pappa) skal få rom i 2. etasje, så fleire veker etter Ingebjørg fekk han endeleg teste rommet sitt. Førebels utan både veggar og tak, men med ein faktastisk utsikt. Ser de elva?

Under Iver kjem kjøkenet og til venstre i bilete ser de opninga over spisestovedelen der vi skal ha dobbel takhøgde. Iver får vindauge frå rommet sitt og ned i storrommet.

God pinse!

lørdag 28. mai 2011

Kjøken med sofa


Den siste veka har vi snudd opp ned på kjøkenplanane nokre gongar. Det er ikkje alt som kan gjerast som vi hadde tenkt og det rommet vi hadde planar om å ha til kjølerom kan ikkje byggast på denne måten. Vi må også ha ei søyle for å bære etasjen over (og potensiell snø over der).

No nærmar det seg ei løysing vi vert nøgd med. 

Vindauget i det som var kjøkensittekroken er fjerna for å få plass til kjølehjørne. Då vart det plass til komfyr (og vifte) mot ytterveggen i staden for på kjøkenhalvøya. I tillegg har vi fått plass til både datamaskin mot gangen og sofa på baksida av skaprekka. 


Det er ikkje alt som stemmer heilt på teikninga, men dette er så nært eg kjem med IKEA Home Planner, og gir eit godt nok bilete for oss. Den svarte søyla markerer kvar vedomnen skal stå, og kjølehjørnet har skrå dør. I tillegg er rommet med spisebordet litt større mot høgre. Håper eg har tenkt på alt som skal ha ein plass...

Sjølve kjøkenet vert nok eit IKEA-kjøken (Faktum, abstrakt svart og kvit), men kvitevarer, vask og benkeplate handlar vi andre stader. Tips?