mandag 13. februar 2012

Utan stilas




No er det ikkje mange dagane att. I morgon flyttar siste rest av stilaset til nye utfordringar og frå torsdag må vi ha husforsikringa i orden.


I eit så stort husprosjekt er det mange små og store detaljar som skal på plass. Ikkje minst har Friedland flytta inn, så då er det snart klart for oss òg.


Vi har ikkje flytta inn, men fredag åt vi middag der spisebordet skal stå før vi gjorde ferdig benk og vask på vaskerommet.


I helga kom også ungane sine sengar på plass.


Iver har arva loftsenga mamma og pappa hadde då vi bodde i lita leilegheit i Oslo. Under vert det plass til sofa og bord til lesing og speling. Mamma fann heldigvis alle delane og den gamle IKEA-bruksanvisninga.


Ingebjørg har arva ei seng som definitivt ikkje kjem frå IKEA. Den skal eigentleg vere dagseng/sofa, men inntil vi får bygd den andre senga ferdig skal ho sove her.