mandag 27. august 2012

Frukt- og bær-hagen

Det tek nokre år å etablere frukthage, men vi er så heldige at det sto både bringebærbusker og eit plometre att i hagen etter at huset kom opp. I år har det vore ein skikkeleg bringebærsommar, og i tillegg til hagebæra har vi funne mykje villbringebær langs elva. Alfred har plukka mykje, og no ligg det smootie-bær, saft og syltetøy i frysen. Det er litt ekstra kjekt å ha eigenprodusert smak av sommaren på lur når det vert vinter. 


Plommetreet har fått skikkeleg juling under bygginga, men står fullt av fine gode plommer likevel. No har vi fått stellt både treet og litt rundt, og ser at nokre greiner må sagast av fordi dei er for knekte. Vi ventar med det til vi har fått hausta treet litt meir. Det er berre 50 prosent av familien som likar plomer noko særleg, og vi får i alle fall nok plomer denne veka. 

Vi trur det er den plomesorten som heiter Edda og har blå søte plommer klar i slutten av august. No er berre spørsmålet kva vi skal lage av dei vi ikkje rekk å ete?



lørdag 25. august 2012

Hels på Nilus



Planen har alltid vore at når vi flytta til Bjørlo skulle vi få oss katt. Deter rikeleg med kattar rundt oss, men det er mest fjøskattar som ikkje vil ha kos eller leik.

Og før sommaren dukka kattenungen vår opp. Fødd og oppvaksen hos ein fin kattefamilie (og ein fin menneskefamilie) på andre sida av elva. Rett før skulestart flytta han inn hos oss og fann seg raskt til ro. Det er sjølvsagt lettast å få eit skikkeleg bilete når han søv.

Nilus er ein skikkeleg kose- og leikekatt, og i lag med Iver vert det mykje av begge deler. Ekstra kjekt er det at nokon er heime når ungane kjem frå skulen. 


Dei fyrste vekene har katten vore mest inne for å finne ut kvar han bur, men no er han ute meir og meir. Det er mykje spennande å finne ut av rundt huset, og vi reknar med han utvidar horisonten etter kvart. Også må han jo finne ut kvar dei beste musejaktmarkene er.



torsdag 16. august 2012

Festivalsommar



Ein får ikkje meir moro enn ein laga sjølv, så då vegen var kort frå ide til gjennomføring av dagens festival. Med så mange frivillige som bar ved og klappstolar var det ingen kunst å arrangere Bjørlo bade- og pølsefestival. Og så laga dei fint skilt.

Dei siste dagane har det vore full sommar på Bjørlo, men elvevatnet er likevel litt kaldt. Vi fyrteopp badestampen og fann fram bålpanna. Legg til trivelege vener og litt sjokoladekake, så vert det fin festival. 


 Sidan vi har ein ordførar lett tilgjengeleg vart det tale og opning med klipping av snor. Måndag er det slutt på sommarferien for mange av festivaldeltakarane. Vi som allereie har avslutta ferien er glad for fine sommarkveldar så lenge det varer.