tirsdag 24. januar 2012

Plass til bøkene





Medan vi venta på feilsøket på baderomsgolvet vart det tid til å sjå på at bokhylla vert til. Skikkeleg fin vert den, og skal målast kvit før vi kjem med alle bøkene våre.


Her kan du sjå korleis den er teikna på dei fyrste skissene. Anna farge, men ikkje så ulikt.

...

Når det gjeld badegolvet vert det varme i golvet og ei løysing vi kan leve med.

mandag 23. januar 2012

Vaktsvaner




Ein treng ikkje hund når ein har vaktsvaner. På Bjørlo kjem det svaner kvar vinter, og sidan i fjor har staden endra seg. Svanene må konkurrere med eit heilt hus og eg trur ikkje dei er heilt nøgde. Då eg var opp og snakka med ein rørleggar i lunsjen hadde dei lagt seg til i oppkjørselen og ville ikkje sleppe meg forbi. Dei fresa både til med og handtverkarane. Men vakre å sjå på er dei, og vert sikkert meir nøgde med naboane etter kvart.

Flyttelass - del 1




Med hjelp frå gode vener fekk vi den fyrste delen av flyttelasset inn i huset søndag. Parallellt med bygging held vi sjølvsagt på med sal av det gamle huset. No er det tømt for alt som ikkje treng vere med på visning. Det kjennest litt ut som å bu i vakuum med eit nesten ferdig hus og eit nesten utflytta hus. Livet vert litt på vent, men går likevel framover for fullt.


På kjøkenet er det ikkje så mykje meir vi får gjort før vi har flytta inn, så no ventar vi berre på siste rest frå handtverkerane. Mellom anna byggjer dei bokhyller denne veka.


Dette er frå tv-stova. Hyllene skal målast kvite.


På badet er det også innført monteringsstopp på grunn av feil på varmekablane. Før dei har funne feilen og retta den vert det ikkje klart for bading her. Vasken er på plass, men heldigvis lett å fjerne om det trengs.

søndag 15. januar 2012

Arvemøblar


Av dei hustinga som vart gjort denne helga viser dette puslespelet mest att. Vi har arva ein Siesta-salong, og den vart levert i sine enkleltdelar utan bruksanvisning. Med litt tålmod og god hjelp fekk vi alle delane på rett plass, og det mangla berre ein skrue. 


Seter og ryggen er festa til stolen med snorer. På to av stolane var desse løsna heilt om måtte treast på nytt. Siesta-stolen er teikna av Ingmar Relling i 1965, og er ein av dei største ekspotsuksessane i norsk møbelindustri. Desse stolane finn du både på Victoria and Albert Museum i London og i Det kvite hus i Washington. Stolen gjekk ut av produksjon nokre år, men vert no produsert av Rybo. Vi veit ikkje kva år våre stolar er frå, men dei er ikkje kjøpt samtidig.


Snøring og stramming tok litt tid, og eigentleg burde dei to andre stolane ha vore stramma opp litt òg. Inntil vidare får dette holde. Dei er uansett utruleg gode å sitte i - både med og utan høgrygg.

Stolane er arvegods frå Magni si grandtante og denne typen stolar finnst i mange heimar i den slekta.


Salongen skal stå i stova i 2. etasje. Om alle stolane blir ståande her veit vi ikkje heilt endå. Det vert spennande å bu seg inn i nytt hus, og det er ikkje så lenge til det skal fyllast med fleire møblar. 


Iver har allereie fått nøkkel til sitt rom, og der er stammen til kleskåpet skrudd saman. Her ser du at han har Balder-besøk og dei er i fullt arbeid med å skru saman ei skuffe. IKEA-møblar kan godt monterast av 8-åringar.

Her har dei henta inn dei gode stolane, laga sofa og inntek det fyrste kjeksmåltidet på rommet. Som sagt, vi veit ikkje heilt kvar alle stolane skal stå. Vert nok favoritt for fleire.

tirsdag 10. januar 2012

Vi har fått trapp




Og då Iver var den fyrste av oss som gjekk opp trappa fann han dør til rommet sitt. Det her blir bra. Det er vanskeleg å få gode bilder på kveldstid, men til helga skal vi få til litt fleire i dagslys.

torsdag 5. januar 2012

Kjøkenskruing og snart innspurt




Det nærmar seg meir og meir for kvar dag no, så vi burde oppdatert mykje oftare. Dette er frå kjøkensamanskruingsromjula. Heile familien i arbeid og pizzamiddag på kjøkengolvet. Golvet er olja og veldig godt å gå på.





Ungane var kjempeflinke til å skru flatpakka kjøken, men då vi skulle vatre opp den 4 meter lange kjøkenbenken måtte vi ha meir hjelp. Tusen takk til alle gode hjelparar. Resultatet vart bra. Til og med steikeomn og platetopp er på plass.


Stormen Dagmar gjorde litt skade på huset vårt òg. Stilaset vart rista laust i vinden og ein lem traff eitt av dei store glasa i stova. Heldigvis knuste berre det ytste lager, men det må skiftast. Noko av taket vart også blåst av, men det fekk vi festa ganske raskt. Dette var sjølvsagt irriterande, men samanlikna med dei som fekk mykje større skader vert dette småtteri. Det kunne gått mykje verre.


Etter nyttår har vi fått på plass skåprekka mellom stove og kjøken. Med litt hjelp har vi også fått på plass komposittsteinplata. Vi lurte litt på om det vart for hardt med så mykje svart i kjøkeninnreiinga, men det ser bra ut. Den blå folien skal sjølvsagt av skåpdørene, men vi ventar til arbeidet rundt er ferdig.


...også har vi fått golvbelegg i gangen. Der vert likt både der og på våtrom.