Viser innlegg med etiketten garasje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten garasje. Vis alle innlegg
onsdag 3. november 2010
Garasjen snart ferdig
Som vi har skrive om i ein tidlegare bloggpost, har første steg på vegen mot nytt hus på Bjørlo vore å få bygd ein ny stor garasje til erstatning for den vi må rive for å få bygge huset vårt.
Det har tatt tid, men no er vi snart i mål! Den er bygd som tilbygg til den over 100 år gamle lada på garden, og har allereie tatt i bruk sjølv om tak og portar gjenstår. Her er det plass til mykje landbruksutstyr, to traktorar og ein bil. Riktig ein gigantgarasje har det blitt, det kjem godt med!
Og for første gong har vi fått ein garasje stor nok til å arbeide med t d dekkskift innandørs – det kom godt med då den fyrste snøen for vinteren kom overraskande på for eit par veker sidan…
Etter at dette bildet er tatt er det også kome på tak. Seinare i månaden kjem to elektriske portar – den eine så mykje som 3,50 høg.
Så no kan den gamle garasjen rivast, og vi er for alvor klare til å bygge hus!
onsdag 23. juni 2010
Jonsok
Når huset vårt står ferdig kjem vi til å ha kort veg til alle dei fine stadane langs elva. I dag har vi vore og feira jonsok. Før rømmegraut og båltenning sjekka Alfred og Iver ut garasjetomta.
Oj. Er vi i gong?
Dette er nok fyrste steg mot eit nytt hus på Bjørlo.
For å få plass til eit hus der vi ønskjer må vi rive ein garasje. Det som bur i denne garasjen treng då nytt hus. Sidan det ikkje er plass til alt i den andre garasjen må vi bygge eit nytt tilbygg til lada. Ein kjempegarasje med plass til diverse køyrety, reoskap, bossdunkar m.m.
No er det gamle garasjetilbygget borte, så no er vi vel i gong på ein måte. Sjølve huset ventar framleis på godkjenning, men vi gjer det som kan gjerast klart ferdig.
Abonner på:
Innlegg (Atom)