mandag 19. mars 2012

Endeleg

IMG_4703.jpg

Ein gong for mange bad sidan. Då familien som berre var tre personar, budde i to byar. Ein gong var Magni smilande kone med eige kamera medan Alfred svarte på spørsmål frå Fritjof Wilborn. Den gongen lovde Alfred at Magni skulle få badekar.

Det kunne ho også fått om ikkje det var sånn at vi aldri har hatt så stort bad at det har vore plass. Diverse uheldige omstende gjorde at badekaret også vart noko av det siste som kom på plass i det nye huset, men i dag er dagen her.

Iver fekk lov å innvie badekaret i dag, og han er ikkje den einaste som har tenkt å prøve.

søndag 18. mars 2012

Her bur vi

IMG_4669.JPG

Og desse fyrste vekene har vore litt i overkant hektiske, men vi bur her og skal bu her lenge.

Ja, det er akkurat som vi har fått litt meir ro og tid i nytt hus - sjølv om det har skjedd litt for mykje sidan midten av februar. Vi starta med innflytting og ferietur til Berlin og så har det gått slag i slag fram til denne helga der Ingebjørg stortsett har spelt i musikal (vi har vore publikum) og Iver har hatt stor Harry Potter-fest.

IMG_4671.JPG

Det gjekk utruleg fort å bli vant til å bu her. Det er sjølvsagt mykje småtteri att og MANGE kasser å pakke opp, men dei viktigaste tinga våre og alle møblane er på plass. Det er rart at dei tankane vi starta på for mange år har materialisert seg i eit heilt hus. Det meste har blitt slik vi ønskte med luftige rom og godt med lys frå alle retningar. Sidan vi ikkje ha så mykje innsyn har vi førebels ikkje brydd oss så mykje med gardiner. Det blir ikkje før vi mø- Dette er frå spisestova, og her kan vi opne opp skyvedøra og gå rett ut om vi vil.

IMG_4673.JPG

I naborommet finn vi tv-stova. Her finn ungane søndagsroen etter siste førestilling av Les Miserables. Det vert meir bilete frå huset etter kvart. Må berre porsjonere ut litt.

Oppdatering:
Biletet over sofaen er teke av Jeanette Løvoll på skummelfest på Bjørlo. Vi er supernøgde. Fleire Jeanette-bilete finn du her.

IMG_4698.jpg