mandag 28. november 2011

Litt ferdig




No er det like før stilaset skal vekk i stova, så i dag kom faktisk den fyrste lampen på plass.

Heilt korleis det vert ser vi ikkje før det kjem lyspære i, men fyrsteinntrykket er bra.




På vaskerommet ser det litt meir uferdig ut, men utgangsdøra kom på plass i dag. Hovudinngangen må nok vente litt til, men det ser lovande ut.




Her blir det kjøken, og i morgon kjem ein lastebil frå IKEA. Vi skal skru kjøken sjølv, men ikkje heilt endå.

1 kommentar:

  1. Heilt seriøst, eg trur du har kjøpt favorittlampen min. Det ser ut som Random Light, men kan jo godt hende det er ein annan. Uansett, slik lampe står skyhøgt på ønskelista mi.... Trur det må passe veldig godt i slike høge, opne rom. Er den kvit eller svart?

    SvarSlett