torsdag 5. januar 2012

Kjøkenskruing og snart innspurt




Det nærmar seg meir og meir for kvar dag no, så vi burde oppdatert mykje oftare. Dette er frå kjøkensamanskruingsromjula. Heile familien i arbeid og pizzamiddag på kjøkengolvet. Golvet er olja og veldig godt å gå på.





Ungane var kjempeflinke til å skru flatpakka kjøken, men då vi skulle vatre opp den 4 meter lange kjøkenbenken måtte vi ha meir hjelp. Tusen takk til alle gode hjelparar. Resultatet vart bra. Til og med steikeomn og platetopp er på plass.


Stormen Dagmar gjorde litt skade på huset vårt òg. Stilaset vart rista laust i vinden og ein lem traff eitt av dei store glasa i stova. Heldigvis knuste berre det ytste lager, men det må skiftast. Noko av taket vart også blåst av, men det fekk vi festa ganske raskt. Dette var sjølvsagt irriterande, men samanlikna med dei som fekk mykje større skader vert dette småtteri. Det kunne gått mykje verre.


Etter nyttår har vi fått på plass skåprekka mellom stove og kjøken. Med litt hjelp har vi også fått på plass komposittsteinplata. Vi lurte litt på om det vart for hardt med så mykje svart i kjøkeninnreiinga, men det ser bra ut. Den blå folien skal sjølvsagt av skåpdørene, men vi ventar til arbeidet rundt er ferdig.


...også har vi fått golvbelegg i gangen. Der vert likt både der og på våtrom.



6 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Så flott utsikt frå stova:-). Lukke til med innspurten, dette blir/er skikkeleg fint!

    SvarSlett
  3. Kjære alle fire.
    Godt å sjå at de er i gang, og ikkje blei bortblesne av den sinte dama. Gler meg til besøk i påska i ferdig hus.
    Stor klem frå tante Gunn

    SvarSlett
  4. Stort og godt kjøken ser eg! Kor kjøpte de kompositt-plata? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Komposittplata er bestilt gjennom Drømmekjøkkenet frå Gautvik.

      Slett
  5. Komposikkplata er bestilt gjennom Drømmekjøkkenet frå Gautvik: http://www.gautvik.no/interior/Kompositt.html

    SvarSlett