søndag 6. november 2011

2,5 tonn flatpakker


I det store husprosjektet er det ikkje så mykje vi skal bestille og montere sjøl, men for oss er det meir enn nok. Heile kjøkenet, baderomsmøblar, 6-7 meter garderobeskåp, ein sofa, nokre lamper ++

IKEA reknar ikkje berre saman prisen på varene, men også vekt. I morgon går bestillinga på ikkje mindre enn 2,5 tonn IKEA-varer. Det skal investerast i elektrisk skrujern, for det vert nokre timar med skruing på oss.

Benkeplata vert ikkje frå IKEA. Den har på virrvarr-mønsteret frå 1958 og vert levert av Drømmekjøkenet, så vi miksar og triksar slik at dette vert slik vi vil ha det til ein grei pris. Den vert også bestilt denne veka.

1 kommentar:

  1. Åh, det var ei flott benkeplate! Nå blei eg veldig frista! Hugsar du meterprisen? Hos oss har vi ei øy som er nokså stor, og på ei slik flate må vi nok ha noko som er tre, eller ser ut som tre, men på andre benkar, og i grovkjøkkenet, hadde det vore fantastisk med litt herlig retro! Hugsar at eg syns slik overflate var fryktelig på hin hårde 80-talet, men nå er det jo berre fint! Takk for inspirasjon! Det blir nok mange kilo frå IKEA på oss også, men at det er snakk om tonn var eg ikkje klar over... Eg likar å skru, men dette kan bli ei stor oppgåve! Blir det bad frå IKEA også? Vi vurderer Godmorgon (og syns at IKEA sin svensk er ei flott snik-nynorskifisering av Norge)

    SvarSlett