mandag 19. april 2010

Då var bloggen opna for alle


No er husbloggen opna slik at fleire kan følgje prosessen. Vi kjem til å legge ut oppdateringar med ujamne mellomrom. Noko vert harde fakta, og andre gongar meir lause tankar eller lampeønskjer.

Det er nok ei stund til vi kan flytte inn i noko som liknar fotomontasjen over. den lug forrsten litt. Huset vert nok litt større.

De må gjerne kommentere. Vi har aldri bygd hus før og treng innspel. Har du husbyggeblogg sjølv er vi interessert i å sjå kva andre gjer.

fredag 19. februar 2010

Lampe?


Det store rommet vårt treng ein markert lampe, og lysekrone er ikkje det rette for oss. Kanskje denne er noko? Superleaves er meir enn 1 meter i diameter og viser godt att. Eg såg den i ein butikk i Oslo og likte den med ein gong. Den er nok ikkje for alle rom, men kanskje for oss?

Biletet er henta frå produsenten si nettside.

fredag 12. februar 2010

Finn ein feil


I det store stoverommet er den eine veggen ei bokhylle. Gjennom bokhylla finn du tv-stove i 1. etg og gjesterom/ kontor i 2. etg. På tidlegare teikingar kan ein sjå at dørene er plassert midt i hylla, men nede måtte vi flytte den inn til veggen.

Spørsmålet no er om vi skal gjere det same i 2. etasje? Symetri eller ikkje?