søndag 18. mars 2012

Her bur vi

IMG_4669.JPG

Og desse fyrste vekene har vore litt i overkant hektiske, men vi bur her og skal bu her lenge.

Ja, det er akkurat som vi har fått litt meir ro og tid i nytt hus - sjølv om det har skjedd litt for mykje sidan midten av februar. Vi starta med innflytting og ferietur til Berlin og så har det gått slag i slag fram til denne helga der Ingebjørg stortsett har spelt i musikal (vi har vore publikum) og Iver har hatt stor Harry Potter-fest.

IMG_4671.JPG

Det gjekk utruleg fort å bli vant til å bu her. Det er sjølvsagt mykje småtteri att og MANGE kasser å pakke opp, men dei viktigaste tinga våre og alle møblane er på plass. Det er rart at dei tankane vi starta på for mange år har materialisert seg i eit heilt hus. Det meste har blitt slik vi ønskte med luftige rom og godt med lys frå alle retningar. Sidan vi ikkje ha så mykje innsyn har vi førebels ikkje brydd oss så mykje med gardiner. Det blir ikkje før vi mø- Dette er frå spisestova, og her kan vi opne opp skyvedøra og gå rett ut om vi vil.

IMG_4673.JPG

I naborommet finn vi tv-stova. Her finn ungane søndagsroen etter siste førestilling av Les Miserables. Det vert meir bilete frå huset etter kvart. Må berre porsjonere ut litt.

Oppdatering:
Biletet over sofaen er teke av Jeanette Løvoll på skummelfest på Bjørlo. Vi er supernøgde. Fleire Jeanette-bilete finn du her.

IMG_4698.jpg

5 kommentarer:

  1. Det er berre så fint! Gratulerer med nytt hus! :o) Vil sjå meir....... :-)

    SvarSlett
  2. Gratulerer så mykje! Veldig fint, stilig og med gode løysingar. Håpar å få sjå det "laiv" ein gong. Alt godt! AM øvst i Bratteberg

    SvarSlett
  3. Måtte berre inn på bloggen å kikke når eg såg bilde Jeanette hadde lagt ut på facebook - lekkert hus! Trur nesten Jeanette kunne tenkt seg å flytte inn her ;) Og må skryte av bildet over sofaen som eg har hørt rykte om skal vere ein ekte Løvoll ;)

    Helsing storesystå til Jeanette :)

    SvarSlett
  4. Härligt! Jag hoppas jag någongång skall ha möjligheten att hälsa på! Hälsningar från Åsa och Åland

    SvarSlett
  5. Kjempefint:)
    helsing hannemarie

    SvarSlett