Av dei hustinga som vart gjort denne helga viser dette puslespelet mest att. Vi har arva ein Siesta-salong, og den vart levert i sine enkleltdelar utan bruksanvisning. Med litt tålmod og god hjelp fekk vi alle delane på rett plass, og det mangla berre ein skrue.
Seter og ryggen er festa til stolen med snorer. På to av stolane var desse løsna heilt om måtte treast på nytt. Siesta-stolen er teikna av Ingmar Relling i 1965, og er ein av dei største ekspotsuksessane i norsk møbelindustri. Desse stolane finn du både på Victoria and Albert Museum i London og i Det kvite hus i Washington. Stolen gjekk ut av produksjon nokre år, men vert no produsert av Rybo. Vi veit ikkje kva år våre stolar er frå, men dei er ikkje kjøpt samtidig.
Snøring og stramming tok litt tid, og eigentleg burde dei to andre stolane ha vore stramma opp litt òg. Inntil vidare får dette holde. Dei er uansett utruleg gode å sitte i - både med og utan høgrygg.
Stolane er arvegods frå Magni si grandtante og denne typen stolar finnst i mange heimar i den slekta.
Salongen skal stå i stova i 2. etasje. Om alle stolane blir ståande her veit vi ikkje heilt endå. Det vert spennande å bu seg inn i nytt hus, og det er ikkje så lenge til det skal fyllast med fleire møblar.
Iver har allereie fått nøkkel til sitt rom, og der er stammen til kleskåpet skrudd saman. Her ser du at han har Balder-besøk og dei er i fullt arbeid med å skru saman ei skuffe. IKEA-møblar kan godt monterast av 8-åringar.
Her har dei henta inn dei gode stolane, laga sofa og inntek det fyrste kjeksmåltidet på rommet. Som sagt, vi veit ikkje heilt kvar alle stolane skal stå. Vert nok favoritt for fleire.