mandag 24. oktober 2011

Velkomen inn


Det er ikkje akkurat denne døra vi skal ha, men døra er visst noko av det siste som kjem på plass. Vår dør er bestilt, og glasa som skal vere rundt ligg og ventar til resten av huset er meir ferdig.


Opp her kjem trappa. Desse vindauga er kanskje noko av det som kjenneteiknar huset mest. Dei er ein viktig del av fasaden, og i tillegg gjer det sjølvsagt mykje lys i heile 2. etasje.


Følgjer du vindaugspassasjen kring trappa kjem du inn i det som vert utkiksstova vår. Ein salong, musikkanlegg og litt ro i sjela? Ja, eg ønskjer meg stjernekikert òg.

Til høgre ligg soverommet vårt og badet.


Og her er utsikten...

Det skal bli kjekt å sjå ut utan stilas.


Her er viktige saker. Frå venstre: Innvendig takrenne, straum/ data, sentralstøvsugar, meir data/straum, ventilasjon og endå meir straum. Håper vi slepp å sjå desse tinga att, berre nytte oss av funksjonaliteten.


I 1. etasje får vi ikkje heilt kjenne på romkjensla sidan det står eit digert stilas midt i stova. Sidan det er dobbel takhøgde må det nok stå ei stund til.


Dersom vi snur kameraet kan vi sjå det som skal bli kjøken i staden. Glaset til venstre kunne de sjå frå utsida i førre bloggpost. Frå det kan vi sjå omtrent rett i elva.



Og her blir det berre gang og no kan vi sjå linjene og lyset i huset. Tv-stove til høgre, bod og do til venstre,  og vaskerom rett fram.  

1 kommentar:

  1. Hei Magni!
    Kjempekjekt å følgje med bloggen din! Ditta blir flott!
    Eg har ikkje vore innom på ei stund må eg innrømme, men du og du, så langt de har komt no!! Ting skjer! :)
    Og reknar med det er spanande tider for dykk framover no!
    Snedig med innvendig takrenne! :)
    Alice

    SvarSlett