mandag 24. oktober 2011

Snart påkledd




Vi har nesten vent oss til at huset står der svart og utan kledning, men no er det på tide at det kler på seg for vinteren. I dag har det vore strålande sol og fint haustveir, så tømrarane har nok kosa seg ute på stilaset.


Baksida mot elva er nesten klar. Den lyse fargen er uvant akkurat no, men skal bli grå med tida. Boksen kring dei store glasa, og boksane på di andre sidene, får ikkje grankledning, men svarte, blanke steniplater. 


Kledninga er av radialskåren gran, sett opp med god lufting, og skal ikkje behandlast noko meir. Det vert spennande å sjå kor lang tid det tek før det grånar. Vi håper det vert omtrent som desse hyttene. Borda er høvla og vert lysare grå enn t.d. sibirsk lerk.


Dette er kjøkenglaset mot elva. Enkelt og greit, med minst mogeleg lister. Vindauga kjem frå Nordvestvinduet

2 kommentarer:

  1. Dette er SÅ spennande å følgje! For eit flott materiale de har valgt! Dette blir kjempebra trur eg :)

    SvarSlett
  2. Ser bra ut:) Knappe og fine detaljar! Herleg:)

    SvarSlett