Mens vi ventar på at vinteren skal sleppe taket (vi er no inne i den sjette månaden med snø og vinter...), kan vi no sjå fram til at husbygginga omsider kan ta til. Bak Alfred og Iver ser de den ferdig utgravde tomta, med straum, vatn og fiber lagt fram. No er det klart for forskaling og støyping. Endeleg! Og heldigvis er vi fornøgd med den nøyaktige plasseringa av tomta også etter at den er gravd ut...
Neimen, sjå her! Så kjekt å sjå at de har starta gravinga. Gler meg til å følgje med vidare. LYkke til :)
SvarSlett