tirsdag 6. juli 2010

Ventar på prisar

09021 39 copy.jpg

Dette er den siste og oppdaterte skissa, og det bilete som pregar beskrivelsen av det som kan bli huset vårt. På andre sida av sommaren har nokre entreprenørar truleg rekna ut kva ønskjelista kostar.

Slik planen er no vert det innerste laget ytterveggane i massivtre, isolert med rockwool og kledd med ubehandla gran. Det skal gi oss eit hus som held godt på varmen, gir godt inneklina og har kort byggetid. Det kjem ein meir detaljert post om massivtre når vi har fullstendig oversikt på oppbygginga av veggane.

I mellomtida vert det ny garasje på Bjørlo, og vi ser mellom anna på nye tepper som er litt for dyre.

1 kommentar:

  1. Oi, så spennande hus! Dette vil eg følge med på! Eg håpar de får fiiine prisar som er til å leve med. Er ikkje lett å skulle bygge arkitekttegna hus - eg misunner av og til dei som kjøper typehus og som har klare kostnader å forholde seg til frå dag ein. Men eg trur at vi blir minst like godt nøgd med våre hus. Eg syns det er fantastisk å få noko teikna for sitt eige behov. Masse spennande val her, og fine interiørgreier du har framheva under. Her kan eg sikkert finne inspirasjon!

    SvarSlett