søndag 8. mai 2011

Bjørlo sett frå lufta

IMG_1868.JPG

...evt frå fjellet på hi sida av elva.

Alfred og ungane gjekk til Alsåke-sætra i dag, og på veg opp fekk dei tatt bilete av det som skal bli huset vårt. Kjekt å sjå det frå den sida.

Legg merke til Almen på nordsida av huset. Det er viktig å ta vare på dette staselege treet som stikk seg ut i landskapet.

lørdag 7. mai 2011

Utsikt

IMG_0421.JPG

Ingebjørg er den einaste som skal ha rom i 1. etasje, og difor den einaste som kan "gå inn i" rommet sitt akkurat no. Ho kan til og med sitte i vindaugskarmen.

IMG_0423.JPG

Reisverket vert som ei skisse eller eit omriss av huset. Det vert spannande å sjå når neste etasje reiser seg.

09021 49-1.jpg

Det vert kanskje lettare å førestille seg om ein ser på denne teikninga.

IMG_0422.JPG

Ingebjørg kan heilt klart førestille seg korleis det skal bli å ha senga si innafor dette vindauget, og ho gler seg.

IMG_0418.JPG

tirsdag 26. april 2011

Kan det bli plen?

IMG_1704.JPG

Om alt går etter planen kjem vi til å sjå våren (og kanskje ein plen) kome her neste år.

IMG_1700.JPG

Det går fort framover no, med syneleg ting som gjer det lett for oss å følgje med. I dag vart det både støypt golv og planert ut jordhaugar. Isolasjonen forsvinn ned i grunnen og vi synest grunnflata ser skrekkeleg lita ut. Det er visst heilt vanleg, så det vert nok stort nok. Stor nok plen òg.

IMG_1707.JPG

Sidan vi kjenner teikningane så godt er det litt rart å sjå at det vert sånn i røynda òg, og ikkje minst at no kan vi ikkje flytte på så mykje lenger. Doen står der den står (det eine røret midt på biletet),  inngangspartiet ser du i høgre biletkant, og ja - vi får til og med straum inn akkurat der sikringsskåpet er teikna. Det er ikkje magi heller, berre godt handverk.

Som de ser vert det sjølvsagt nytta nynorsk isolasjonsmateriale i huset.