Viser innlegg med etiketten skisse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skisse. Vis alle innlegg

lørdag 28. mai 2011

Kjøken med sofa


Den siste veka har vi snudd opp ned på kjøkenplanane nokre gongar. Det er ikkje alt som kan gjerast som vi hadde tenkt og det rommet vi hadde planar om å ha til kjølerom kan ikkje byggast på denne måten. Vi må også ha ei søyle for å bære etasjen over (og potensiell snø over der).

No nærmar det seg ei løysing vi vert nøgd med. 

Vindauget i det som var kjøkensittekroken er fjerna for å få plass til kjølehjørne. Då vart det plass til komfyr (og vifte) mot ytterveggen i staden for på kjøkenhalvøya. I tillegg har vi fått plass til både datamaskin mot gangen og sofa på baksida av skaprekka. 


Det er ikkje alt som stemmer heilt på teikninga, men dette er så nært eg kjem med IKEA Home Planner, og gir eit godt nok bilete for oss. Den svarte søyla markerer kvar vedomnen skal stå, og kjølehjørnet har skrå dør. I tillegg er rommet med spisebordet litt større mot høgre. Håper eg har tenkt på alt som skal ha ein plass...

Sjølve kjøkenet vert nok eit IKEA-kjøken (Faktum, abstrakt svart og kvit), men kvitevarer, vask og benkeplate handlar vi andre stader. Tips? 




lørdag 7. mai 2011

Utsikt

IMG_0421.JPG

Ingebjørg er den einaste som skal ha rom i 1. etasje, og difor den einaste som kan "gå inn i" rommet sitt akkurat no. Ho kan til og med sitte i vindaugskarmen.

IMG_0423.JPG

Reisverket vert som ei skisse eller eit omriss av huset. Det vert spannande å sjå når neste etasje reiser seg.

09021 49-1.jpg

Det vert kanskje lettare å førestille seg om ein ser på denne teikninga.

IMG_0422.JPG

Ingebjørg kan heilt klart førestille seg korleis det skal bli å ha senga si innafor dette vindauget, og ho gler seg.

IMG_0418.JPG

søndag 30. januar 2011

Alt klart?


Vi har i alle fall fått gards- og bruksnummer, utsleppsløyve, igangsettingsløyve og pengar frå banken. Det er framleis litt rart å tru at noko som liknar på desse skissene skal vi bu i om eit års tid, men no går vi snart i gong med meir enn teikningar.

I morgon vert det synfaring slik at vi er samde med han som skal grave om kvar huset skal stå, og så får vi sjå om ikkje dei kjem seg i gong etter kvart. Det vert spennande å følgje denne prosessen.

Fasade mot vest. Det treet som er med på teikningane er ein gamal alm. Den vil vi svært gjerne ta vare på. Til venstre for biletkanten er det elv. Sjå bilete øvst på bloggen så får de ein ide om kvar huset skal ligge.


Det vert soverom inni den svarte boksen. Ingebjørg nede og Alfred og Magni oppe. Iver får rom mot elva og treet i motsett hjørne. 

torsdag 4. november 2010

Ny fasade mot vest


Fjerning av tårn og flytting av loftsstove og bad fører til flytting av vindauge òg.

No er vi nøgd med vestfasaden. Det raude vindauget skal markerast litt meir, men det får fagfolka spekulere ut. Bak det vindauget vert det i alle fall høve til å sitje i ro og kike etter hjort og laksefiskarar.

onsdag 3. november 2010

Utan tårn


Vi har hatt nokre månader med pristilbod, kuttlister og vurderingar. Det er ønskjelista vår vi har fått prisar på, men innanfor dei kostnadsrammene vi vil leve med var det ikkje plass til heile draumen.

Mellom anna har vi valgt å kutte ut tårnet, og heller halde på alle dei andre gode løysingane elles i huset. Det satt litt langt inne, men etter at valet var tatt er vi godt nøgd med det. 

Arkitekten held på med nokre justeringar etter at tårnet forsvann, men vi er snart i mål med det òg. 

Små steg framover, og brått er vi i full gang. Det er ikkje draumar lenger - i 2011 kjem vi til å flytte inn i nytt hus.

tirsdag 6. juli 2010

Ventar på prisar

09021 39 copy.jpg

Dette er den siste og oppdaterte skissa, og det bilete som pregar beskrivelsen av det som kan bli huset vårt. På andre sida av sommaren har nokre entreprenørar truleg rekna ut kva ønskjelista kostar.

Slik planen er no vert det innerste laget ytterveggane i massivtre, isolert med rockwool og kledd med ubehandla gran. Det skal gi oss eit hus som held godt på varmen, gir godt inneklina og har kort byggetid. Det kjem ein meir detaljert post om massivtre når vi har fullstendig oversikt på oppbygginga av veggane.

I mellomtida vert det ny garasje på Bjørlo, og vi ser mellom anna på nye tepper som er litt for dyre.

mandag 10. mai 2010

Kjøkenplanlegging


No er det på tide med litt detaljplanlegging av kjøkenet. Grunnplanen er ferdig planlagt, men kvar skal det vere skuffer og kvar skal dei tome plastposane bu? Det gløymte vi å planlegge då vi bygde kjøken sist.

Nokon som har gode tips?

tirsdag 26. januar 2010

I tårnet



På ønskjelista vår sto "lite hus på taket/ mummihus", og slik kan utkikstårnet vårt bli. Det vert ikkje rundt om mummihus-aktig, men det skal bli eit triveleg rom med plass til besøk.