
Ingebjørg er den einaste som skal ha rom i 1. etasje, og difor den einaste som kan "gå inn i" rommet sitt akkurat no. Ho kan til og med sitte i vindaugskarmen.

Reisverket vert som ei skisse eller eit omriss av huset. Det vert spannande å sjå når neste etasje reiser seg.

Det vert kanskje lettare å førestille seg om ein ser på denne teikninga.

Ingebjørg kan heilt klart førestille seg korleis det skal bli å ha senga si innafor dette vindauget, og ho gler seg.

Så kjekt å sjå at de har fått reisverk til 1. etasje. Det ser bra ut :) Lykke til vidare.
SvarSlettså stilig hus!!!
SvarSlett