søndag 22. april 2012

Vår og ventemat


Husblogging har vore forsømt. Vi har vore alt for opptekne av å bu oss inn og kose oss i nytt hus. Det er betre enn vi kunne drøyme om, og spesielt den korte vegen ut og all naturen tett på kjennest veldig godt. Denne bloggen kjem nok difor til å dreie litt mot ein Bjørlo-blogg og dokumentasjon på små og store prosjekt inne og ute.

I dag hadde vi ein strålande vårsøndag og har i lag med små og store hjelparar laga middag i kokegrop. Vi brukte litt ulike bruksanvisningar, og dersom nokon vil prøve sjølv kan de t.d. lese her.

Iver og Alfred grov sjølve gropa før alle dei andre kom. Vi trur vi har funne ein passande stad for ei grop som kan brukast fleire gonger, for dette var kjekt.


Elvesteinar passar perfekt til kokegroper, og det har vi nok av. Måtte berre bruke litt tid på å bære. Flate steinar i botnen og runde oppetter sidene. Etter kvart som bålet brann kasta vi fleire steinar inn i varmen.


 Det er ein viktig jobb å passe bålet, og undervegs kunne vi steike både pølser og pinnebrød.



Etter eit par timar hadde vi brunne opp eit lite lass ved og varma opp godt med steinar. Alfred hadde vore ein ekspedisjon i skogen og henta einer og lagt den i bløyt.



Steinane vart lagt litt til kjøling medan vi fjerna mest mogeleg ved- og kolrestar. Desse la vi i bålpanna og brukte til litt meir grilling.



Kokegropa vart fylt lagvis med einer, varme steinar, hjortekjøt pakka i alluminiumsfolie, meir einer og meire varme steinar før vi la på nokre kilo innpakka potet og grov att.



Torva vart lagt på plass…


…også var det berre å vente. Vi har ikkje vore bortskjemte med sol siste året, så det var utruleg deileg berre å vere ute. Manglar ni ungar på biletet, men dei kjeda seg nok ikkje dei heller.



Så var tida koma. Ingen hadde gjort dette før, så vi var spente. Det einaste vi var heilt sikker på var at under torva var det ganske varmt. 



Med litt graving og leiting kom både potet og kjøt opp frå jorda. 


Det lukta og smakte faktastisk.


Hjorten var marinert litt frå kvelden før og elles krydra med salt, pepper, kvitlauk og rosmarin. Sjølv om det fletse oppskriftene vi har funne på matlaging i kokegrop handlar om lammelår er det ikkje noko i vegen for å bruke hjort.


Potetene vart utruleg nok bakte utan at skalet var svidd. Berre litt rynkete.

1 kommentar:

  1. Dette ser jo heilt fantastisk ut. Skal prøvast. Naboen har også snakka varmt om kokegrop, men du gjev jo oppskrifta.....og det stilige huset i bakgrunnen....

    SvarSlett