torsdag 25. august 2011

Alle detaljane

Sjølv om vi har tenkt på mykje av huset og mykje er beskreve i samarbeid med arkitekt og entreprenør, er det mykje å halde orden på for at det skal bli sånn som vi ha tenkt. Det er ingen som har bygd akkurat vårt hus før, så vi veit ikkje heilt korleis det skal bli.

Noko er vi meir opptekne av enn andre ting, men resultatet er summen av alle detaljane. Både dei vi har tenkt på og alle dei vi ikkje hear tenkt på. Når alle dei valga skal gjerast og alle detaljane skal på plass er det viktig å holde tunga beint i munnen. Det skal jo henge saman.




I dag har vi funne ut at ein av standardfargane på platene som skal kle inngangspartiet heldigvis er tilnærma lik fargen på nabobygningen, den raude lada. Ein detalj mindre å tenke på, vi må berre passe på at inngangsdøra vert bestilt i same fargekode. Og kva farge skal den eigentleg ha på innsida? Dersom den er laderaud har det andre konsekvensar.

Det er godt med alt som er bestemt. Det som berre er 90% sikkert kan jo alltids gjerast om, og alle dei tinga som kan gjerast om skapa litt uro i hovudet for tida.


Bokhylla som illustrerer denne bloggposten er Bookworm av Ron Arad. Ei hylle som minner meg om studietida i Bergen fordi den hang i eit butikkvindauge eg ofte gjekk forbi. Om den får plass i nyehuset er vel ein av dei ti prosenta som absolutt ikkje er bestemt.

onsdag 17. august 2011

Heime åleine med IKEA-katalogen





Små gleder for husbyggarar: Åleine heime i ro og fred med splitters ny IKEA-katalog.

Må berre sjekke om dei planane vi har lagt gjeld med denne katalogen òg.

- blogga på farten.

onsdag 27. juli 2011

Med tak og alt



Lenge sidans siste oppdatering og veldig mykje som har skjedd. Graset har grodd kring heile huset. Vi har tette veggar, glas, tett tak og ikkje minst innvendige takrenner. Huset vert ikkje så ruvande i terrenget som ein skulle tru, og vi ser at plasseringa vert betre enn vi kunne drøyme om. Her skal det bli godt å bu.



Inngangspartiet er førebels litt luftig.


Det er mogeleg å sjå litt meir korleis huset skal vere inni. Her ser vi inn på kjøkenet. Kan du førestille deg at det skal likne på dette?  

Akkurat no brukar vi tankeverksemda på plasering av stikkontakter, spottar og andre ting som høyrer til det elektriske. Sidan det kjem an på mange andre detaljar vert mykje av grunnmøbleringa uttenkt i same slengen.   Kva passar av dei møblane vi har og vert det plass til dei slik vi har tenkt?


Siste sveis på taket før byggjefolka tok ferie. No står huset tomt nokre veker, men taket og huset er tett og fint. Det fekk til og med prøvd seg i 50-års-regnskyllet utan at vi fann vatn på innsida.


 Det fyrste måltidet i nyehuset: kaffi, lefse og saft i stova i 2. etasje 24. juli. 5 månader til julafta.