søndag 30. januar 2011

Alt klart?


Vi har i alle fall fått gards- og bruksnummer, utsleppsløyve, igangsettingsløyve og pengar frå banken. Det er framleis litt rart å tru at noko som liknar på desse skissene skal vi bu i om eit års tid, men no går vi snart i gong med meir enn teikningar.

I morgon vert det synfaring slik at vi er samde med han som skal grave om kvar huset skal stå, og så får vi sjå om ikkje dei kjem seg i gong etter kvart. Det vert spennande å følgje denne prosessen.

Fasade mot vest. Det treet som er med på teikningane er ein gamal alm. Den vil vi svært gjerne ta vare på. Til venstre for biletkanten er det elv. Sjå bilete øvst på bloggen så får de ein ide om kvar huset skal ligge.


Det vert soverom inni den svarte boksen. Ingebjørg nede og Alfred og Magni oppe. Iver får rom mot elva og treet i motsett hjørne. 

torsdag 4. november 2010

Ny fasade mot vest


Fjerning av tårn og flytting av loftsstove og bad fører til flytting av vindauge òg.

No er vi nøgd med vestfasaden. Det raude vindauget skal markerast litt meir, men det får fagfolka spekulere ut. Bak det vindauget vert det i alle fall høve til å sitje i ro og kike etter hjort og laksefiskarar.

onsdag 3. november 2010

Garasjen snart ferdig


Som vi har skrive om i ein tidlegare bloggpost, har første steg på vegen mot nytt hus på Bjørlo vore å få bygd ein ny stor garasje til erstatning for den vi må rive for å få bygge huset vårt.

Det har tatt tid, men no er vi snart i mål! Den er bygd som tilbygg til den over 100 år gamle lada på garden, og har allereie tatt i bruk sjølv om tak og portar gjenstår. Her er det plass til mykje landbruksutstyr, to traktorar og ein bil. Riktig ein gigantgarasje har det blitt, det kjem godt med!

Og for første gong har vi fått ein garasje stor nok til å arbeide med t d dekkskift innandørs – det kom godt med då den fyrste snøen for vinteren kom overraskande på for eit par veker sidan…

Etter at dette bildet er tatt er det også kome på tak. Seinare i månaden kjem to elektriske portar – den eine så mykje som 3,50 høg.

Så no kan den gamle garasjen rivast, og vi er for alvor klare til å bygge hus!