onsdag 27. oktober 2010
Spot og not to spot
Det er mykje detaljar som skal på plass før vi har gravd noko som helst. Mellom anna kva rom vi skal ha spottar i og ikkje? Kva type? Kor mange? Og ikkje minst om vi skal ha ledpærer eller ikkje?
Overgangen frå eit spotfritt hus til å tenke lyssetjing på denne måte er stor, men vi har vore på synfaring i nye hus og studert kva løysingar andre har valgt. Tenkt og diskutert med elektrikar.
Det viktigaste valet (synest vi) er at vi vil ha led-lys i spottane. No skal teknologien ha kome så langt at lyset frå led-pærene har ok farge for innebruk. Når ein slik spot bruka 7w i staden for 50W er det sjølvsagt ein del straum å spare på det.
søndag 17. oktober 2010
Husmodell
Når ein greier å bygge ein relativt grei modell av berre avlange 8-knottars legoklossar er det ikkje tvil om at huset er av den kantete typen.
De siste vekene har gått med til å vurdere prisar og tilbod slik at vi frå husdraumen til med eit akseptabelt budsjett for oss og banken. No er vi snart i mål utan å endre for mange av hovudideane i huset.
tirsdag 6. juli 2010
Ventar på prisar

Dette er den siste og oppdaterte skissa, og det bilete som pregar beskrivelsen av det som kan bli huset vårt. På andre sida av sommaren har nokre entreprenørar truleg rekna ut kva ønskjelista kostar.
Slik planen er no vert det innerste laget ytterveggane i massivtre, isolert med rockwool og kledd med ubehandla gran. Det skal gi oss eit hus som held godt på varmen, gir godt inneklina og har kort byggetid. Det kjem ein meir detaljert post om massivtre når vi har fullstendig oversikt på oppbygginga av veggane.
I mellomtida vert det ny garasje på Bjørlo, og vi ser mellom anna på nye tepper som er litt for dyre.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
