mandag 31. januar 2011

Her

Før vi gjekk på jobb i dag vart grunnsteinen lagt ned.

Ikkje sjølve grunnsteinen, men vi møtte entreprenør og dei som skal grave og slo ned eit par pinnar.

På biletet står Alfred inni kjøkenbenken. Med berre 12 meter til elva vert det mykje å sjå når ein vaskar opp. Vi må fjerne nokre greiner på treet, men det får stå.

søndag 30. januar 2011

Alt klart?


Vi har i alle fall fått gards- og bruksnummer, utsleppsløyve, igangsettingsløyve og pengar frå banken. Det er framleis litt rart å tru at noko som liknar på desse skissene skal vi bu i om eit års tid, men no går vi snart i gong med meir enn teikningar.

I morgon vert det synfaring slik at vi er samde med han som skal grave om kvar huset skal stå, og så får vi sjå om ikkje dei kjem seg i gong etter kvart. Det vert spennande å følgje denne prosessen.

Fasade mot vest. Det treet som er med på teikningane er ein gamal alm. Den vil vi svært gjerne ta vare på. Til venstre for biletkanten er det elv. Sjå bilete øvst på bloggen så får de ein ide om kvar huset skal ligge.


Det vert soverom inni den svarte boksen. Ingebjørg nede og Alfred og Magni oppe. Iver får rom mot elva og treet i motsett hjørne.