
Om alt går etter planen kjem vi til å sjå våren (og kanskje ein plen) kome her neste år.

Det går fort framover no, med syneleg ting som gjer det lett for oss å følgje med. I dag vart det både støypt golv og planert ut jordhaugar. Isolasjonen forsvinn ned i grunnen og vi synest grunnflata ser skrekkeleg lita ut. Det er visst heilt vanleg, så det vert nok stort nok. Stor nok plen òg.

Sidan vi kjenner teikningane så godt er det litt rart å sjå at det vert sånn i røynda òg, og ikkje minst at no kan vi ikkje flytte på så mykje lenger. Doen står der den står (det eine røret midt på biletet), inngangspartiet ser du i høgre biletkant, og ja - vi får til og med straum inn akkurat der sikringsskåpet er teikna. Det er ikkje magi heller, berre godt handverk.
Som de ser vert det sjølvsagt nytta nynorsk isolasjonsmateriale i huset.