torsdag 19. november 2009

Litt frå innsida


Utkast 19. november 2009






Utkast 18. november 2009


Tomta



Bjørlo ligg på ei vid slette ved Eidselva, ca 2 km aust for Nordfjordeid. Bjørlo er ein gard med store, opne flater (i alle fall i Vestlandsmålestokk), nærkontakt med elva (lengste fiskesone i lakse- og sjøørretelva Eidselva med over 3 km elvestrekk) og mykje skog og fjell som høyrer til (m a m flott fjellvatn på 400 moh som er mykje brukt turmål).


Eigendomen vi skal bygge på er det største og vestlegaste gardsbruket av totalt ca 8-10 bruk på Bjørlo, der dei fleste ligg relativt tett samla. Gardsbruket har i dag hus og lade som opprinneleg er frå 1880-åra, men våningshuset har vore bygd på mange ganger etter det (til høgre på biletet over). Vi skal bygge vest for det eksisterande tunet - i god avstand. Det gjer at vi får nok avstand til at vi kan vere relativt frie i det arktitekoniske uttrykket, men vi vil likevel på ulike måtar prøve å få samanheng og heilskap med det som er i området frå før.


Området vi bygger på er regulert til "spredt busetnad" med høve til frådelinga av bustadtomt. Det betyr at vi ikkje treng å omregulere dyrka mark til bustadformål.